Nærmiljø |
|||
Av Admin Hinnavis 05.12.2018 kl. 12:14
Ei spanande og modig kvinne som vart fylkesmannMagnhild Meltveit Kleppa har brøyta seg rydning som kvinne i lokalpolitikken på Hjelmeland og har vore pendlar til Oslo i 20 år. Nå dreg ho snart inn årane. Og kva då – ittepå? -Først må eg øva meg på å ikkje gjere noko, ler Magnhild Meltveit Kleppa. - Heime ventar eit solid ryddearbeid, så skal eg reise, lese og trappe opp samkvemmet med vener og familie. Ikkje minst skal eg ha meir tid med Arne, mannen min. Han har vært tolmodig i mange år, og ein stor støttespelar for meg. Det er alltid godt å komme heim til Hjelmeland. Då går Arne og eg mykje på tur. Eg går alltid sist og lar tankane fly, ofte har det hatt med jobben å gjere. Nå må eg lære meg til å tenke nye tankar. Det har vore eit privilegium å vere med og ta ansvar for å påverke korleis samfunnet utviklar seg. Magnhild Meltveit Kleppa, eller Magnhild som ho føretrekker å bli kalla, beskriv seg sjølv som ei vanleg jente som lærte å arbeide tidleg. – Å vekse opp på gard gjev eit eige høve til arbeid og arbeidsglede. Eg likte godt å vere med far og arbeide ute. Di meir far skrytte, di meir tok eg i. Foreldra mine forpakta prestegarden på Hjelmeland. Det var ikkje eit liv i rikspolitikken eg såg føre meg då eg vaks opp. Heime var kyrkja og bedehuset dei næraste naboane. Utdanning var sjølvsagt. Den gongen betydde det hybelliv, eit liv som nok var til større bekymring for mødrene våre enn for oss 15-åringer som skulle av garde til byen, fortel Magnhild og legg til at ho i ettertid har funne ut at ho hadde med seg ein eigen ballast frå livet på garden i møtet med verda utanfor. Kvinnetrussel - Eg har alltid hatt med meg kvinnesaka. Eg var ei av dei fyrste kvinnene i kommunestyret på Hjelmeland. Det var aldri valt inn meir enn ei kvinne om gongen, men i 1979 blei fire kvinner valde inn. Eg blei ei av dei fire, og me blei opplevd som ein trussel. Og me var ein trussel, ler Magnhild. Sjølv var ho den fyrste kvinnelege leiaren i Senterpartiet i Rogaland. – Eg er imponert over dei som gjekk føre i kampen for likeverd og likestilling. Dagens ungdom kunne med fordel ha visst meir om tidlegare haldningar og konkrete saker, meiner ho. Frivillighet og arbeid Det var gjennom frivillig arbeid Magnhild kom inn i politikken, fyrst som engasjert i husmorlaget i Hjelmeland, der ho var med på å få på plass den fyrste barnehagen og trygge skulevegar, ho var søndagskulelærar, dreiv yngres, guteklubb og mykje anna. Ho var også den fyrste kvinna som talde førehandsstemmer i Hjelmeland. – Eg skjønte at det var nyttig å engasjere meg i lokalpolitikken, og blei raskt med i Senterkvinnene der eg hadde god nytte av å drøfte aktuelle saker med kvinner frå andre kommunar. Etter kvart vart eg nestleiar i Senterkvinnene, fylkesleiar i Senterpartiet i Rogaland, medlem av fylkessamferdselsstyret, fylkestinget og fylkesutvalet. Ho var lærer på Hjelmeland i 20 år før ho blei pendlar til Oslo. Politikk og Storting I oktober 1997 blei sentrumsregjeringa samansett. Media hadde ikkje klart å avsløre namn. Magnus Takvam frå NRK spurde Magnhild om Kjell Magne Bondevik hadde ringt. Ho svarte klart nei. Jarle Skjørestad, sekretariatsleiaren i stortingsgruppa, tok henne ut på gangen. – Magnhild! Du lyg ikkje for Magnus Takvam! –Nei, det har eg heller ikkje gjort, svara ho. – Eg fekk melding om å ringe Bondevik. Eg sa ja til å bli sosialminister, men det var eg som ringde, ikkje Bondevik. Så eg laug ikkje. – Eg hadde ingen planar om å busetje meg på Hjelmeland. Det hadde Arne, og då vart det slik, seier Magnhild. Ho blei medlem av finanskomiteen første perioden på Stortinget og nestleiar i Senterpartiet si stortingsgruppe, seinare medlem av Stortingets kommunalkomité og deretter leiar i fire år. I denne perioden blei den første stortingsmeldinga om helse, miljø og tryggleik på den norske kontinentalsokkelen handsama. Dei viktigaste sakene i kommunalkomiteen var kommuneøkonomien, distriktspolitiske verkemiddel og bustadpolitikk. To år seinare vart Magnhild kommunal- og regionalminister, der ho blant anna fekk Terra-saka i fanget. Same hausten førebudde regjeringa felles ekteskapslov, og det var eit breitt fleirtal i både Stortinget og regjeringa for endringane. Senterpartiet tok atterhald, og media fann dette som ei pikant sak, sidan Magnhild har ein homofil son. - Eg hadde varsla at eg trong tid. Håvard var åleine og hadde ingen planar om giftarmål. Det viktigaste for meg blei til slutt korleis me på fleire samfunnsområde har endra lovverket for å sikra likeverd. Eg fekk overveldande respons. Eg møter framleis folk som fortel at eg opna dører fordi eg endra standpunkt. Servietten og kollektivsatsinga I 2009 vann dei raudgrøne valet og det skulle forhandlast fram ei regjeringsplattform for fire nye år. Ved eit kafébord i Stavanger sentrum sat førstekandidatane for dei raudgrøne i Rogaland og noterte flittig på ein serviett. - Me gleda oss til å følgje opp Nasjonal Transportplan og servietten inneheldt både kollektivsatsing, lyntog, rassikring og konkrete vegprosjekt: Ryfast, Rogfast og Tysdalsstranda. Me lova å rette opp skeivfordelinga av helsemidlar og å betre eldreomsorga. Me skulle ha på plass distriktsmedisinske senter, meir plass i kulturskulen, eit nytt kulturløft. Me lova å halde utvinningstempoet i olje- og gassproduksjonen oppe. Etter fire år kunne me konstatere at me hadde halde ord på det aller meste. Eg har framleis servietten! Å vere statsråd er krevjande. Magnhild sette seg fem tydelege mål, og gjennomførte alle fem:
- Den store saka var likevel ”Utjamningsmeldinga”. Ei stortingsmelding om korleis ein kunne motverke auka forskjellar, fortel Magnhild og legg til at ho i ettertid skulle ønskt at det hadde vore betre klima i Stortinget for å følgje opp forslaga der. Det hadde vore førebyggjande for mange som slit i dag. 70 år – og framleis i arbeid I november 2013 vart Magnhild utnemnt som fylkesmann i Rogaland. Der har ho nå vore i fem år. I november i år feira ho 70-årsdagen. Ho er framleis i jobb – nokre månadar til. – At du ikkje sluttar og får nokre gode år, seier velmeinande folk. Då er svaret mitt kvar gong: – Eg har gode år! Det kjennest meiningsfylt å bli kjent med fylkesmannsembetet, stå i styringslinja mellom nasjonal og lokal politikk, oppleve på nært hald det unike kompetansesenteret som er bygd opp, til teneste for kommunar, organisasjonar og einskildpersonar.
Kva gjer Fylkesmannen? Fylkesmannen er statens representant i fylket, og vert tilsett på åremål for seks år av gongen. Fylkesordføraren og fylkesrådmannen er dei øvste leiarane for det folkevalde organet fylkeskommunen, altså politisk valde. Fylkesmannen får oppdrag frå 11 departement og 10 direktorat. I Rogaland er det til saman 190 tilsette som har fire hovudoppgåver:
Visjon: ”Me tar vare på Rogaland” Kjerneverdiar: Open, truverdig og tydeleg
|
Næringsliv
Publisert 02.12.2019 - 19:03
Scandic Stavanger Forus - et hotell med meningDa årets TV-aksjon presenterte sine tre ”Med mening-konsepter”, tok Scandic Stavanger Forus alle tre konseptene på strak arm. » Les hele saken |
|
Bydelsprofilen
Publisert 02.12.2019 - 15:14
|
Næringsliv
Publisert 02.12.2019 - 15:27
![]() Gjenbruksdager på StadionparkenDet var stor pågang under Stadionparkens gjenbruksdager 21. og 28. september. » Les hele saken |
Hagespalten
Publisert 02.12.2019 - 15:19
|
|
Nærmiljø
Publisert 02.12.2019 - 19:32
![]() PANGSTART PÅ JÅTTEN SKOLE!Det ble en pangstart på skoleåret 2019-2020 på Jåtten skole hvor stolte elever og lærere kunne markere det nye skoleåret med splitter ny skolegård. » Les hele saken |
Næringsliv
Publisert 03.09.2019 - 18:04
![]() Blodbank til ForusSykehuset i våre hender (SIVH) har samlet inn penger til blodbuss i Stavanger-regionen. Så snart den er ferdig bygget vil bussen være tilgjengelig på Forus. » Les hele saken |
Nærmiljø
Publisert 02.12.2019 - 19:15
![]() Rogaland på andre plass under årets TV-aksjonDet var stor innsats fra både frivillige og bøssebærere under årets TV-aksjon søndag 20. oktober. » Les hele saken |
Næringsliv
Publisert 03.09.2019 - 00:02
![]() Elin ønsker å etablere et strikkemiljøElins Strikkeri åpnet 23. november i fjor på Stadionparken og har allerede klart å etablere et godt strikkemiljø på senteret med spennende arrangementer og god service. » Les hele saken |
Kultur og fritid
Publisert 02.12.2019 - 19:49
![]() Besøk til Stavangers vennskapsby Nablus, PalestinaDelegasjon fra Stavanger til Nablus i Palestina med t-skjorter fra Forus og Gausel idrettslag. » Les hele saken |
Kultur og fritid
Publisert 02.12.2019 - 19:25
![]() Lokal forfatter med ny krimromanForfatter Lars Helle fra Hinna er ute med en ny krimroman, Når stormen aldri løyer, hvor store deler av handlingen er lagt til Stavanger. » Les hele saken |
Sport og natur
Publisert 02.12.2019 - 19:19
![]() Hinna i 3. divisjonDa er det offisielt klart at Hinna rykker opp og spiller i 3. divisjon neste år » Les hele saken |
|
Sport og natur
Publisert 12.05.2019 - 21:58
![]() Melina fra Jåttå ble norgesmester i brytingMelina Falkeid Samsonsen (12) fra Jåttå har blitt norgesmester i bryting for piker 15 år. I fjor ble hun landsmester for piker 12 år, og i år dro hun til Tromsø hvor hun tok medalje i norgesmesterskapet. » Les hele saken |
|
Elevarbeid Hetland VGS
Publisert 20.02.2018 - 19:52
Drømmer om å brygge øl på fulltidI januar gikk høringsfristen ut for et forslag som vil redusere alkoholavgiften på øl produsert hos mindre bryggerier. Det kan få stor betydning for Jåttå Gårdsbryggeri. » Les hele saken |
Elevarbeid Hetland VGS
Publisert 20.02.2018 - 19:45
![]() På Jåtten er refleksvest kultPå Jåtten skole er ikke elevene flaue over å gå med refleks i den mørke årstiden. For å motivere elevene til å gå med refleks arrangerer FAU og elevrådet reflekskonkurranse. » Les hele saken |
Elevarbeid Hetland VGS
Publisert 20.02.2018 - 17:37
![]() Kampsporthuset under nytt takDet ble en annerledes sesongstart for Kampsporthusets medlemmer etter nyttårsbrannen på Boganes. 8. januar flyttet de inn i nye lokaler i Hinnatrekanten. » Les hele saken |
Elevarbeid Hetland VGS
Publisert 20.02.2018 - 17:33
Full fart i JåttåhallenDet er fredagskveld og ungdommer heier og jubler i Jåttåhallen. Det lukter svette, støynivået er høyt og en gjeng med jenter løper rundt og roper tikken. » Les hele saken |
Elevarbeid Hetland VGS
Publisert 20.02.2018 - 17:25
Skoleutbygging lagt på isEtter at prognosene for elevtallsøkningen ble endret i 2016, har politikerne kommet fram til at Jåtten skole ikke blir utvidet før tidligst 2022. » Les hele saken |