Tips oss: Send e-post til Send e-post hinnavis@gmail.com

Nærmiljø

Print Tips en venn
Av Admin Hinnavis 05.12.2018 kl. 12:14

    Ei spanande og modig kvinne som vart fylkesmann

    Magnhild Meltveit Kleppa har brøyta seg rydning som kvinne i lokalpolitikken på Hjelmeland og har vore pendlar til Oslo i 20 år. Nå dreg ho snart inn årane. Og kva då – ittepå?

    -Først må eg øva meg på å ikkje gjere noko, ler Magnhild Meltveit Kleppa. - Heime ventar eit solid ryddearbeid, så skal eg reise, lese og trappe opp samkvemmet med vener og familie. Ikkje minst skal eg ha meir tid med Arne, mannen min. Han har vært tolmodig i mange år, og ein stor støttespelar for meg. Det er alltid godt å komme heim til Hjelmeland. Då går Arne og eg mykje på tur. Eg går alltid sist og lar tankane fly, ofte har det hatt med jobben å gjere. Nå må eg lære meg til å tenke nye tankar. Det har vore eit privilegium å vere med og ta ansvar for å påverke korleis samfunnet utviklar seg.

    Magnhild Meltveit Kleppa, eller Magnhild som ho føretrekker å bli kalla, beskriv seg sjølv som ei vanleg jente som lærte å arbeide tidleg. – Å vekse opp på gard gjev eit eige høve til arbeid og arbeidsglede. Eg likte godt å vere med far og arbeide ute. Di meir far skrytte, di meir tok eg i. Foreldra mine forpakta prestegarden på Hjelmeland. Det var ikkje eit liv i rikspolitikken eg såg føre meg då eg vaks opp. Heime var kyrkja og bedehuset dei næraste naboane. Utdanning var sjølvsagt. Den gongen betydde det hybelliv, eit liv som nok var til større bekymring for mødrene våre enn for oss 15-åringer som skulle av garde til byen, fortel Magnhild og legg til at ho i ettertid har funne ut at ho hadde med seg ein eigen ballast frå livet på garden i møtet med verda utanfor.

    Kvinnetrussel

    - Eg har alltid hatt med meg kvinnesaka. Eg var ei av dei fyrste kvinnene i kommunestyret på Hjelmeland. Det var aldri valt inn meir enn ei kvinne om gongen, men i 1979 blei fire kvinner valde inn. Eg blei ei av dei fire, og me blei opplevd som ein trussel. Og me var ein trussel, ler Magnhild. Sjølv var ho den fyrste kvinnelege leiaren i Senterpartiet i Rogaland. – Eg er imponert over dei som gjekk føre i kampen for likeverd og likestilling. Dagens ungdom kunne med fordel ha visst meir om tidlegare haldningar og konkrete saker, meiner ho.

    Frivillighet og arbeid

    Det var gjennom frivillig arbeid Magnhild kom inn i politikken, fyrst som engasjert i husmorlaget i Hjelmeland, der ho var med på å få på plass den fyrste barnehagen og trygge skulevegar, ho var søndagskulelærar, dreiv yngres, guteklubb og mykje anna. Ho var også den fyrste kvinna som talde førehandsstemmer i Hjelmeland. – Eg skjønte at det var nyttig å engasjere meg i lokalpolitikken, og blei raskt med i Senterkvinnene der eg hadde god nytte av å drøfte aktuelle saker med kvinner frå andre kommunar. Etter kvart vart eg nestleiar i Senterkvinnene, fylkesleiar i Senterpartiet i Rogaland, medlem av fylkessamferdselsstyret, fylkestinget og fylkesutvalet. Ho var lærer på Hjelmeland i 20 år før ho blei pendlar til Oslo.

    Politikk og Storting

    I oktober 1997 blei sentrumsregjeringa samansett. Media hadde ikkje klart å avsløre namn. Magnus Takvam frå NRK spurde Magnhild om Kjell Magne Bondevik hadde ringt. Ho svarte klart nei. Jarle Skjørestad, sekretariatsleiaren i stortingsgruppa, tok henne ut på gangen. – Magnhild! Du lyg ikkje for Magnus Takvam! –Nei, det har eg heller ikkje gjort, svara ho. – Eg fekk melding om å ringe Bondevik. Eg sa ja til å bli sosialminister, men det var eg som ringde, ikkje Bondevik. Så eg laug ikkje.

    – Eg hadde ingen planar om å busetje meg på Hjelmeland. Det hadde Arne, og då vart det slik, seier Magnhild. Ho blei medlem av finanskomiteen første perioden på Stortinget og nestleiar i Senterpartiet si stortingsgruppe, seinare medlem av Stortingets kommunalkomité og deretter leiar i fire år. I denne perioden blei den første stortingsmeldinga om helse, miljø og tryggleik på den norske kontinentalsokkelen handsama. Dei viktigaste sakene i kommunalkomiteen var kommuneøkonomien, distriktspolitiske verkemiddel og bustadpolitikk. To år seinare vart Magnhild kommunal- og regionalminister, der ho blant anna fekk Terra-saka i fanget.

    Same hausten førebudde regjeringa felles ekteskapslov, og det var eit breitt fleirtal i både Stortinget og regjeringa for endringane. Senterpartiet tok atterhald, og media fann dette som ei pikant sak, sidan Magnhild har ein homofil son. - Eg hadde varsla at eg trong tid. Håvard var åleine og hadde ingen planar om giftarmål. Det viktigaste for meg blei til slutt korleis me på fleire samfunnsområde har endra lovverket for å sikra likeverd. Eg fekk overveldande respons. Eg møter framleis folk som fortel at eg opna dører fordi eg endra standpunkt.

    Servietten og kollektivsatsinga

    I 2009 vann dei raudgrøne valet og det skulle forhandlast fram ei regjeringsplattform for fire nye år. Ved eit kafébord i Stavanger sentrum sat førstekandidatane for dei raudgrøne i Rogaland og noterte flittig på ein serviett. - Me gleda oss til å følgje opp Nasjonal Transportplan og servietten inneheldt både kollektivsatsing, lyntog, rassikring og konkrete vegprosjekt: Ryfast, Rogfast og Tysdalsstranda. Me lova å rette opp skeivfordelinga av helsemidlar og å betre eldreomsorga. Me skulle ha på plass distriktsmedisinske senter, meir plass i kulturskulen, eit nytt kulturløft. Me lova å halde utvinningstempoet i olje- og gassproduksjonen oppe. Etter fire år kunne me konstatere at me hadde halde ord på det aller meste. Eg har framleis servietten!

    Å vere statsråd er krevjande. Magnhild sette seg fem tydelege mål, og gjennomførte alle fem:

    • Setje den fyrste eldreplanen ut i livet
    • Kraftig auke av minstepensjonen
    • Betre behandlinga av rusmisbrukarar
    • Ei eiga stortingsmelding for å styrke tilhøva for funksjonshemma.

    - Den store saka var likevel ”Utjamningsmeldinga”. Ei stortingsmelding om korleis ein kunne motverke auka forskjellar, fortel Magnhild og legg til at ho i ettertid skulle ønskt at det hadde vore betre klima i Stortinget for å følgje opp forslaga der. Det hadde vore førebyggjande for mange som slit i dag.

    70 år – og framleis i arbeid

    I november 2013 vart Magnhild utnemnt som fylkesmann i Rogaland. Der har ho nå vore i fem år. I november i år feira ho 70-årsdagen. Ho er framleis i jobb – nokre månadar til. – At du ikkje sluttar og får nokre gode år, seier velmeinande folk. Då er svaret mitt kvar gong: – Eg har gode år! Det kjennest meiningsfylt å bli kjent med fylkesmannsembetet, stå i styringslinja mellom nasjonal og lokal politikk, oppleve på nært hald det unike kompetansesenteret som er bygd opp, til teneste for kommunar, organisasjonar og einskildpersonar.

     

    Kva gjer Fylkesmannen?

    Fylkesmannen er statens representant i fylket, og vert tilsett på åremål for seks år av gongen. Fylkesordføraren og fylkesrådmannen er dei øvste leiarane for det folkevalde organet fylkeskommunen, altså politisk valde.

    Fylkesmannen får oppdrag frå 11 departement og 10 direktorat. I Rogaland er det til saman 190 tilsette som har fire hovudoppgåver:

     

    1. Opplysing, rettleiing og sjå til at nasjonal politikk vert følgt opp i fylket.
    2. Passe på at den einskilde innbyggjar opplever rettstryggleik. Eit døme er likeverdige tenester innan helse, omsorg og utdanning, eit anna er likeverdig behandling av ei byggesak.
    3. Ta initiativ og seie frå til sentrale styresmakter dersom me meiner det er noko som ikkje fungerer slik det er tenkt frå nasjonalt hald.
    4. Kongehuset sin representant i fylket. Formidlar til dømes ønske om besøk eller søknader om medaljar eller ordenar.

     

     Visjon: ”Me tar vare på Rogaland”

    Kjerneverdiar: Open, truverdig og tydeleg

     

     


     

    Nærmiljø

    Publisert 12.05.2019 - 20:48
    Nr 110.jpg

    Frue Gamlehjem - 100 år

    Fredag 26. april var det stor festivitas på Frue Gamlehjem på Hinna. Det var 100 år siden gamlehjemmet ble bygget og stuen var fylt til renden med gjester og god mat.

    » Les hele saken

    Nærmiljø

    Publisert 12.05.2019 - 20:34
    IMG_6423.JPG

    Bydelspolitiker: Kristin Bade Veire (V)

    Kristin Bade Veire (75) er genuint opptatt av at barn skal ha trygg skolevei. Hun jobber også for at Hinna bydel skal få sin egen svømmehall og hun er stolt over å dele ut Hinnaprisen.

    » Les hele saken

    Nærmiljø

    Publisert 18.02.2019 - 16:23
    Nr 17.jpg

    Frue gamlehjem 100 år

    I år er det 100 år siden Frue gamlehjem ble åpnet. Det skal feires med jubileumsfest og utgivelse av jubileumsbok.

    » Les hele saken

    Nærmiljø

    Publisert 18.02.2019 - 12:15
    Ordfører Christine Helgø Sagen under åpningen av Gamleveien.jpg

    Åpning av Gamleveien på Hinna

    Etter nærmere to år med arbeid åpnet Gamleveien på Hinna 18. desember. 

    » Les hele saken

    Nærmiljø

    Publisert 18.02.2019 - 12:02
    Grethe SH.jpg

    Bydelspolitiker: Grethe Eriksen (H)

    Grethe Eriksen har vært politisk aktiv siden lokalvalget i 2003, og har i alle år vært i Hinna bydelsutvalg, en periode i Innvandrerrådet, vært fast medlem av Kommunalstyret for byutvikling og vara til bystyret i flere perioder. Nå trekker hun seg til høsten, og pensjonerer seg i april som 62-åring.

    » Les hele saken

    Nærmiljø

    Publisert 05.12.2018 - 12:14
    DSC_0919.JPG

    Ei spanande og modig kvinne som vart fylkesmann

    Magnhild Meltveit Kleppa har brøyta seg rydning som kvinne i lokalpolitikken på Hjelmeland og har vore pendlar til Oslo i 20 år. Nå dreg ho snart inn årane. Og kva då – ittepå?

    » Les hele saken

    Nærmiljø

    Publisert 03.12.2018 - 11:36
    Nr 2 - Lokal koordinator for årets dugnad Vibeke Lavik Bjaanes sammen med sønnen og kollegaer i Deloitte..jpg

    TV-aksjonen i Hinna bydel

    Det var god stemning blant årets bøssebærere til tross for store nedbørsmengder. Dugnaden i år gikk til Kirkens Bymisjon sitt arbeid med å forebygge ensomhet og hjelpe de som blir stående utenfor i samfunnet. Rogaland fylke kom på imponerende andre plass i landet med 25 millioner av totalt 244 millioner på landsbasis.

     

    » Les hele saken

    Nærmiljø

    Publisert 04.09.2018 - 17:09
    Bilde 1 Leif Arild.jpg

    Hinna Rør - en liten bedrift med kvalifiserte rørleggere

     

    Hinna Rør har sitt kontor og et lite delelager i Liveien på sentrale Hinna og ledes av Leif Arild Michaelsen. Dette er bedriften for alle i bydelen som trenger hjelp med rørleggerarbeid. Det er et lite firma med kort reaksjonstid som er lett å tilkalle og kjøreavstanden er kort til der du bor.

     

    » Les hele saken