Tips oss: Send e-post til Send e-post hinnavis@gmail.com
Publisert 30.04.2015

Tidleg 1900-tal - Hinnakrossen blir sentrum i bygda

bilde 1 hinna stasjon.jpeg          

Hinna stasjon: Statsarkivet i Stavanger/Marit Karin og Jan Alsvik 

Det første bildet viser Hinna stasjon i 1910. På det neste har Kari (Isaksen, født Hinna t.v.) og Tora Marie (Kluge, født Vagle) funne tid til å la seg forevige utafor Forbruken. Dei var tilsette i butikken i 1920-åra, og det var Hjalmar A. B. Løvdahl som var styrar den gong. Det siste bildet er tatt utafor Posten i 1929. Frå venstre ser me Severine, postopnar Ole, Olav og fem år gamle Steinar Anda. Heilt til høgre står nabo Lava Edland.

bilde 2 utafor forbruken.jpg

Forbruken, foto: Rolf Kluge

Jåtten Forbruksforening blei stifta i 1904, og frå då av kunne bøndene køyre den korte vegen til sitt eige samvirkelag, Forbruken i Hinnakrossen, for å handle det dei trong av daglegvarer, kraftfôr og anna.

bilde 3 utafor posten.jpg

Posten, foto: Inger Marthinsen

Ole Anda frå Stavanger var den første postopnaren på Hinna. Postopnar Anda bygde bustaden «Granli» for seg og familien like ved Forbruken i 1908, og posttenesta, som først blei driven frå jernbanestasjonen, flytta han til sokkeletasjen i sin eigen bustad i 1915.

Jåtten Forbruksforening og Hinna Postopneri var grunnpilarane i det bygdesenter som frå nå av voks fram. Plasseringa i Hinnakrossen gav seg sjølv, vegnettet og Jærbanen med Hinna stasjon som hadde revolusjonert person- og godstransporten, var dei avgjerande faktorane.

I åra etter  «Forbruken» og «Posten» fann fleire og fleire forretningar og tenester sin plass i Hinnakrossen. I denne epoken av lokalhistoria vår, drog bygdefolket til Hinna for å skaffe seg det dei trong, for å ha eit rikt og godt liv. Her var ungdomshus og bedehus, skomakarar, kafé, frisør, kjøttbutikk, meieriutsal, kolonialforretning, smed, bensinstasjonar, butikk med kortevarer og drosjehaldeplass. I omtrent eit halvt hundre år var Hinnakrossen staden som batt bygdefolket saman.

For interesserte i lokalhistorie: Historielaget kommer ut med årbok med cirka 20 lokalhistoriske artiklar kvart år i november månad. Den første kom i 2011. Alle bøkene kan kjøpast hos Frivilligsentralen, Gamleveien 53, Hinna.