Tips oss: Send e-post til Send e-post hinnavis@gmail.com
Publisert 28.11.2015

bilde b.jpg

Bedehuset Betlehem (1876) - bygdas første forsamlingshus

Desse to bileta av det gamle bedehuset Betlehem er tatt i 1979, og me ser at bygningen har hamna mitt i rundkjøringa i søre enden av Diagonalen. Vidare ser me at bedehuset blir rive, ein treng grunnen til nye vegar og meir biltrafikk.  Planke for planke blir tatt ned, merka og lagra for å bli sendt til Folkemuseet på Bygdøy. Der skal huset i neste omgang byggjast oppatt og vere eit minne om bedehuskulturen som voks fram i bygde-Noreg sist på 1800-talet.  

Betlehem var det første bedehus og forsamlingshus som blei reist i bygda vår. Det gamle bedehuset er såleis eit verdfullt kulturminne i vår lokale historie. I tillegg til å vere bedehus for bygdefolket, blei huset også nytta som skolestove og stad for møte av meir verdsleg offentleg karakter. Også Jåtten ungdomslag blei stifta her, men rammene blei for tronge for dei unge, og i 1892 flytta dei til sitt eige nybygg på Hinna, ungdomshuset Idun.

På Folkemuseet på Bygdøy kan du ta turen innom det gamle bedehuset frå Jåttå og føle på atmosfæren  frå den gong i 1876. Historia om «Betlehem - bedehus og kulturhus» kan du lese i Årbok 5: 2015.

For interesserte i lokalhistorie:

Historielaget kjem ut med årbok med cirka 20 lokalhistoriske artiklar kvart år i november månad. Den første kom i 2011. Alle bøkene kan du kjøpe hos Frivilligsentralen, Gamlevegen 53, Hinna.


bilde f.jpg