Tips oss: Send e-post til Send e-post hinnavis@gmail.com

Hinna bydelsutvalg

Print Tips en venn
Av Admin Hinnavis 05.12.2018 kl. 12:04

    Advent og forventning

    Vi er midt i adventstida, ein tid for å vente og forvente.

     

    Mange forventningsfulle blikk er tydeleg å sjå når butikkane blir fylkte av flotte utstillingar, vi skal tenne julegraner i vår by og når vi midt i den mørkast tida skal vi bruke nettopp lyset som symbol for varme og omtanke.

     

    Over store deler av verda vert både advent og jul feira med det same utgangpunkt, ein mann født i Betlehem, ein konge. Han kom ikkje slik kongar vanligvis  kom, han  blei født i ein stall, men hans liv har sett spor etter seg likevel. Så store spor at vi framleis feire hans fødselsdag. På engelsk feirer vi Christmas som betyr kristusmesse, og på fransk har vi Noel som betyr fødsel. Begrepet jul kjem fra norrøn mytologi, men sidan kristendommen kom til landet har begrepet JUL blitt fylt med eit anna innhald.

     Både voksne og barn høyrer om det vesle barnet som kom for lenge siden og ble født i fattige kår, men som var både frelsar og konge. Det handle om Jesu fødsel når vi  strøyme til kyrkjebygg over heile landet.

     

    Visste du for eksempel  at haldningar om å sjå barn, hjelpe fattige og farlause, hjelpe enker ikke var vanlig i romersk tid? Var barnet for svakt eller hadde feil kjønn kunne det bli sett vekk for å døy. Jesu lære om å la dei små barna kome og hjelpe dei som trenge det, har inspirert menneske  til å starte barneheim og sjukehus og jobbe for rettferd over heile verda. Også i vårt land ved å  legge tilrette for eit bedre samfunn for alle.

    Dette utfordre meg midt i adventstida.

      

    Kva hadde vi vore utan Handels Messias og Hallelujakoret, da Vinci sine malerier, Verdis Rekviem eller Mozarts verk? Alle inspirert av den mannen som er utgangspunktet for vår kristne julefeiring. Kor fattig hadde ikkje vår verd vore utan mennesker som har hatt tømmermannen fra Nasaret som Konge? Mennesker som Frans av Assisi, Martin Luther King, Moder Theresa eller Desmond Tutu. Alle har via sitt liv for rettferd bygd på bodskapen som heile vår kulturelle arv er bygd på. Vårt demokrati og vår sosialpolitiske plattform er bygd på at alle menneske har same verdi. Alle såg andre menneske og kjempa for ei bedre verd.