Tips oss: Send e-post til Send e-post hinnavis@gmail.com

Leder

Print Tips en venn
Av Admin Hinnavis 18.02.2019 kl. 11:38

    VI er Hinna bydel

    Alle vi som bur i denne bydelen ER Hinna. Vi har ulike tilknytningar til bydelen. Nokre av oss har budd her i fleire generasjonar, andre er fødde her.  For mange av oss er det kanskje slik at vi  tilfeldigvis har kjøpt hus her og flytta hit. Uansett så er det VI som utgjer Hinna bydel som er den største bydelen i Stavanger kommune med over 22.000 innbyggere.

    Om vi ser oss rundt i bydelen, er det ein bydel i vekst. Her skal kome store og nye vegar og det nye sjukehuset skal ligge her. Vi har vidaregåande skule, i Jåttåvågen-området er det store planar, det skal byggast nye hus og leiligheter ulike stader på HInna. Vi er ein langstrakt bydel heilt frå Forus via Gausel til Hinna og deler av Mariero. Vi har store turområder, gode turstiar og uteområder. Hinna bydel er for mange ute på ”landet” sjølv om vi kan kome oss til byen på 20 min med buss og 15 min med bil. 

     Då eg og mannen min for over 30 år sidan skulle kjøpe oss hus i Stavanger, var Hinna ein naturleg plass. Vi var med i eit kor i kyrkja her og vi kjende mange som budde nettopp i denne bydelen. Det var passe langt frå byen, og her var gode barnehagar og skular. Men til sjuande og sist var det relasjonar og folk som gjorde at vi valgte å bu nettopp her.

    Vi flytta  inn i Vågedalen. Noko av det første vi gjorde var å starte med ”rekkefest”. Vi inviterte alle som budde i rekka til kaffi og så hadde dei med bollar, kaker og diverse. Dette førte til at vi fekk mange gode venskap. På den måten var det lettare å ta kontakt om det var noko vi lurte på eller trengde hjelp til, og ta opp det som utfordra naboskapet også.

    Når vi etterkvart fekk born, var der heldigvis fleire leikeplassar i området, ein glimrande plass å etablere nye relasjonar med foreldre og barn i same alder som våre.

    Då vi venta vårt 4. barn blei rekkehuset litt lite, så vi kjøpte oss eit større hus i bydelen. Dette var i eit eneboligområde og der var det ikkje like lett å bli kjende med naboar. Men vi gjentok suksessen med å invitere til uformell prat og kaffi. No blei det vintergrill med naboane i hagen vår i desember. Etter fleire år er dette ein kjærkomen møteplass midt i mørketida. 

    Grunnen til at vi trivest og har det godt i bydelen er sjølvsagt gode kollektivforbindelsar, gode barnehagar og skular, men det er til sjuande og sist venskap og relasjonar som er avgjerande.

    VI er Hinna bydel.


    Anne Kristin Bruns

    Nestleiar

    Hinna bydelsutvalg (KrF)