Tips oss: Send e-post til Send e-post hinnavis@gmail.com

Leserbrev

Print Tips en venn
Av Admin Hinnavis 12.05.2019 kl. 21:03

    Ja, til Vaulen skole - Nei, til megaskole på Mariero

     

    Jan Ole Rød, tidlegare rektor, listekandidat Arbeiderpartiet

     

    I formannskapsmøtet i Stavanger 21. februar i år, blei Arbeiderpartiet og MDG sitt framlegg om å behalda Vaulen skole, stemt ned av høgrealliansen(H, FrP,KrF,V,SP,PP). Dei går inn for å leggja ned Vaulen og byggja ein ny stor barneskole med plass til om lag 1000 elevar på Mariero.

    Dette er ei viktig sak for Hinna bydel. Det handlar om kor store skolane våre bør vera for dei yngste elevane, kor lang skolevegen kan vera for 6-åringar og om kor det er klokt å plassera skolebygg. Alt dette er faktorar som påverkar kvaliteten på opplæringa. Arbeiderpartiet ønskjer at skolane i bydelen vår har gode læringsmiljø som legg til rette for læring og trivsel for alle elevar. I vårt forslag i formannskapet gjekk me derfor inn for å oppretthalda Vaulen skole på dagens tomt og samtidig be om ei sak som vurderer om det på grunn av framtidig vekst i elevtalet, bør byggjast ein ny skole på Mariero. I så fall blir resultatet to skular med 500 – 600 elevar.

    Skolestørrelse og læringsmiljø

    Høgrealliansen ønskjer å byggja ein storskole på Mariero-med plass til minimum 750 elevar, max opp mot 1000 elevar. Vaulen skole er i dag den største barneskolen i byen med 650 elevar.  Dei andre skolane i Hinna bydel er også blant dei største i kommunen. Me meiner at barneskolar ikkje bør vera for store. Dei vaksne mister oversikt, og mulighetene for at heile personalet tar eit samla ansvar for elevane blir mindre. Spesielt for dei yngste elevane er det viktig at skolen blir opplevd som ein trygg stad å vera.

    Dersom Stavanger skal byggja større barneskolar enn det me har i dag, bør det eventuelt skje etter grundige faglege og pedagogiske utgreiingar, basert på forskning om læring og trivsel i små og store skolar. Rådmannen har så langt ikkje lagt fram ei slik utgreiing. Me finn det underleg at høgrealliansen i formannskapet går for ein storskole utan å ha vurdert det viktigaste; elevane si læring, utvikling og trivsel.

    Vaulen skole har i dag ein tydeleg pedagogisk plattform. Eit viktig element i denne er at alle dei vaksne har eit felles ansvar for å sjå og rettleia alle elevane. Det er mogleg når elevtalet er rundt 600, men blir langt vanskelegare dersom talet blir 1000 elevar.  Eg har sjølv vore rektor for vidaregåande skolar med henholdsvis 400 og 1200 elevar og veit av erfaring at skolestørrelse har mykje å seia for skole- og læringsmiljøet når elevane er 16-19 år. For elevar på barneskolen er det truleg endå viktigare at dei kjenner alle dei vaksne på arbeidsplassen, at dei blir sett og ivaretatt.  Læring skjer best når eleven kjenner seg trygg!

    Trygg skuleveg

    Det finnest elevar ved Vaulen skole som har relativt lang skoleveg i dag, men ei flytting av skolen til Mariero vil resultera i lenger skoleveg for fleire. Elevar lengst vest i skolekretsen (opp mot motorvegen) og elevar lengst sør (ned mot Sollivegen) vil få betydeleg lenger skoleveg dersom dei skal til Mariero. Overkommeleg og trygg skoleveg for dei yngste elevane våre er eit rimeleg krav.

    Arbeiderpartiet i Stavanger har programfesta nærskole-prinsippet. Me ønskjer at alle skal ha eit godt offentleg grunnskoletilbod i rimeleg avstand frå heimen. Me går til val på slagordet: sterkare fellesskap. Skolane våre er viktige fellesskapsarenaer for alle «ongane i gadå».

    Skolemiljø og omgivelsar

    Høgrealliansen ønskjer å plassere ein ny storskole i eit travelt næringsområde. På Mariero vil elevane ha butikkar og andre fristelsar rett utanfor skolegarden. Dette kan skapa utfordringar for skolemiljøet. Vaulen-tomta ligg derimot i eit meir skjerma område med gode friluftsområde og idrettsanlegg nær skulen. Kort avstand til Sørmarka er ein fordel for lærarar og elevar både i kroppsøving og i teoretiske fag.

    Formannskapet skal komma tilbake til spørsmålet om Vaulen skole når rådmannen har avklart om kommunen kan få kjøpt den aktuelle tomta på Mariero. Siste ordet er dermed ikkje sagt i denne saka. Arbeiderpartiet vil slåss for at Vaulen skole blir rehabilitert med nødvendige nybygg på dagens tomt, for om lag det elevtalet skulen har i dag. Eventuell auke i elevtalet i skulekretsen, kan resultera i ein ny skule på Mariero med plass til dei elevane som naturleg soknar til skulen.

    Når endringar i skulestruktur eller bygging av nye skular skal vurderast, må alltid elevane og omsynet til deira læring og trivsel komma først.

     


     
    1
    Dette er en viktig sak for å beholde nærskolen - vi ønsker ikke megaskoler i våre bydeler. - Av Loyd Evensen 17.05 (09:00)