Tips oss: Send e-post til Send e-post hinnavis@gmail.com

Leserbrev

Print Tips en venn
Av Admin Hinnavis 11.05.2020 kl. 09:11

    Nye Vaulen skole skal byggjast på eksisterande tomt

     

     

    Av Trygve Meyer og Jan Ole Rød, Hinna arbeiderlag

    Arbeiderpartiet gjekk til val i 2019 på at Vaulen skule enten skulle renoverast eller få nye bygg på eksisterande tomt.

    Fleirtalspartia i Stavanger vil nå starta planlegginga av nye Vaulen skole på tomta i Auglendsbakken.  Dette er klart etter vedtak i Utvalet for miljø og utvikling 6. mai.

    Etter at kommunedirektøren ikkje har fått avklaring på om kommunen får kjøpa delar av Coop si tomt på Mariero til skuleføremål, har Hinna arbeiderlag engasjert seg for å få fortgang i byggesaka. Det hastar med ny skule.  Nå har Arbeiderpartiet fått fleirtal for følgjande forslag i saka:

    1.    Nye Vaulen skole skal byggjast på eksisterande tomt.

    2.    Kommunen held fram med arbeidet knytta til å erverva Marierotomta (Coop-tomta).

    3.    Komunedirektøren skal arbeida for å finna ordningar som gjer ulempene i byggeperioden så små som mogleg.

    Arbeiderpartiet har heile tida meint det hastar med ny skule i nordre del av Hinna kommunedel, og at ny skule bør byggjast der Vaulen skole ligg i dag. «Nye Vaulen skole» var ei av hovudsakene for oss i den lokale valkampen.

    I tidlegare innlegg i HinnAvis (mai 2019) gjorde Hinna Arbeiderlag, som er det lokale partilaget til Arbeiderpartiet, greie for kvifor den nye skulen bør byggjast på eksisterande tomt. Me legg nærskuleprinsippet til grunn og ønskjer at alle born skal ha så kort og trygg skuleveg som råd er.

    Alternativet var ein ny skule på Mariero. Dette ville medføre at ein stor del av elevane frå øvre Vaulen får betydelig lenger skuleveg.

    Endå viktigare er det å leggja til rette for best mogleg trivsel og læring. Derfor har me vore kritiske til at det blir planlagt ein megaskole på Mariero med plass til 1000 elevar. Vaulen skole har 640 elevar inneverande skuleår og har ein pedagogisk plattform der heile personalet har eit felles ansvar for elevane. Dette kan bli vanskeleg å få til dersom elevtalet aukar med 300 – 400. Vaulen skole har ei plassering og eit tomteareal med mange fortrinn. Sørmarka – flott område for naturfag, friluftsliv og kroppsøving-  ligg nokre få meter unna.

    Når det gjeld tomta på Mariero, så tyder dei siste opplysningane på at denne først vil vera byggeklar mellom 2023 og 2025. Dette går fram av kommunedirektøren sitt saksframlegg til møtet i Utval for miljø og utvikling. Arbeiderpartiet ønskjer  at arbeidet med å kjøpa denne tomta av Coop til skuleføremål,  skal halda fram. Dersom elevtalsauken i denne delen av Hinna kommunedel tilseier det, kan det byggjast ein ny skule på denne tomta nokre år fram i tid.

    Det viktigaste nå er å starta planarbeidet med Vaulen skole så snart råd er. Med god framdrift i arbeidet bør nye Vaulen stå ferdig i 2023. Det må finnast gode løysingar for elevar og tilsette i byggeperioden.

    Hinna arbeiderlag var opptatt av å få fram dei lokale sakene i kommunevalkampen i fjor haust. Ei av dei viktigaste var Vaulen skole.